Releases:

  • Blod på spora (Special Edition)

Vind utan vit (2018)

Nokon vil få has på meg, dei plantar løgner i eit blad
Eg skulle ønskje at dei heldt opp snart, men eg kan berre gisse når det dabbar av.
Dei seier eg drog utanlands med kona til ein kar eg skaut ned,
Ho ervde visst ein million som eg overtok då ho strauk med.
Så heldig kan ein vere.

Stadig vekk kjem folk til meg og det er som dei ikkje hugsar koss dei går fram
Dei har tankar og idear og fakta som er så vrengde at det er ei skam.
Jamvel du måtte spørje meg koss det var fatt i går,
Eg kunne kje tru du ikkje kjende meg betre enn det etter så mange år
Mi kjære.

Vind utan vit, blæs kvar gong du rører munnen din,
Blæs langs kvar ein bortgøymd veg eg finn.
Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant,
Du er heilt utan vit.
Det er eit under at du framleis andar jamt.

Eg råka på den klarsynte, som sa ta deg i vare når lynet slær
Eg har kje kjent på fred eller ro på så lenge no, eg kan ikkje hugse koss det er.
Det er ein einsleg krigar på ein kross, ei vogn der røyken strøymer ut,
Du visste kje, du trudde ikkje det kunne skje, men krigen vann han heilt til slutt
Etter han tapte alle slaga.

Eg vakna opp i vegkanten med dagdraumar om koss det av og til er fatt
Syner utav folen din fer gjennom meg så eg ser stjerner, radt.
Du dekte sanning til med løgn og såra dei eg elska mest.
Ein dag ligg du i ei grøft, medan fluger summar kring din hest,
Dreg du siste draga.

Vind utan vit, blæs igjennom blomane på di grav,
Blæs igjennom løfta som du gav.
Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant,
Du er heilt utan vit.
Det er eit under at du framleis andar jamt.

Det var lagnaden som skilde oss og tyngdekrafta som drog oss ned
Du tamde løva i mitt bur, men hjartet mitt, det rådde du ikkje med.
No er allting litt opp ned, faktisk stoppa hjula opp,
Alt godt er dårleg, dårleg godt, du finn ut når du kjem til topps
At du er på botnen.

Eg såg det under høgtida, du er gjort blind av vegen som du gjekk
Eg kan kje lenger hugse deg, din munn er annleis, blikket slår du vekk.
Ein svartkledd prest på sjuande dagen sat urørleg medan bygningen brann.
Eg venta på deg våren gjennom, ved selja stod eg klar til sprang
Til haustlauvet rotna.

Vind utan vit, blæs i sirklar kringom skallen min
Ifrå Longyearbyen og til Glittertind.
Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant,
Du er heilt utan vit.
Det er eit under at du framleis andar jamt.

Eg kan kje lenger føle deg, eg kan kje røre bøkene du las
Kvar gong eg kryp framom døra di, har eg ønska at eg var ein annan kar.
Vegen ned og sporet ut, heilt fram dit ekstasen rår,
Eg følgde deg under stjernene, med minna om deg som opne sår
Og som det raste om di ære.

Eg har vorte narra no for siste gong og eg er fri no, endeleg,
Eg kyste dyret til farvel på grenselina som skilde deg frå meg.
Aldri skal du vite alt eg leid medan eg steig mot dag,
Og aldri skal eg heilt forstå din heilagdom, ditt kjærleiks slag,
Og den børa må eg bere.

Vind utan vit, blæs igjennom kleda som me heiv,
Blæs igjennom breva som me skreiv.
Vind utan vit, blæs igjennom støvet der me sat,
Me er heilt utan vit.
Det er eit under at me kan ta til oss mat