Releases:

  • Blod på spora (Special Edition)

Vikla inn i blått (2018)

Tidlig ein morgon då sola skein
Låg eg og undrast på
Om håret hennar enno var raudt
Om der var endringar å sjå.
Dei sa me ville angre på
Den vegen som me tok
Dei likte aldri mor sin kjolesaum
Far, han hadde ikkje nok på bok.
Og eg stod der i vegkanten
Og såg på at regnet fall
Eg hadde tenkt meg austover
Eg har betalt for alt som eg har fått,
Vikla inn i blått.

Ho var gift då me møttest først
Snart skulle ho bli fri
Eg hjelpte henne sikkert laus,
Men eg tok nok litt for hardt i.
Me køyrde bilen så langt me kom
Og sette han att i vest
Skilde lag ein mørk, trist kveld
Samde om at det var best.
Ho snudde seg for å sjå etter meg
Medan eg vandra bort.
Eg høyrde ho seie over skuldra mi,
«Me møtest att i ein port når ei tid er gått,»
Vikla inn i blått.

Eg hadde jobb i skogen nordpå
Arbeidde ei tid som kokk,
Men eg likte det aldri særleg godt
Og ein dag hadde eg fått nok.
Så dreiv eg sakte nedover
Til eg kom til ein hamneby
Arbeidde ei stund på ein fiskebåt
Som drog ut i morgongry.
Men fortida var hakk i hæl
Ho gav meg aldri ro,
Eg trefte mange kvinner,
Men eg kunne ikkje gløyme ho som fekk meg brått
Vikla inn i blått.

Ho arbeidde på ein topplaus bar
Og eg kom inn for ein tår,
Eg blei sitjande og stire på henne,
Andletet skein så klårt.
Og seinare då det stilna av
Stilna det òg i meg,
Ho stod der attom stolen min
Og sa, «Kjenner eg ikkje deg?»
Eg mumla noko ned i jakka mi,
Ho granska meg og lo.
Eg skal innrømme eg kjende meg litt utilpass
Då ho bøygde seg og batt skolissa mi godt,
Vikla inn i blått.

Ho tende ei pipe i omnen og baud meg på eit drag
«Eg trudde kje du sku’ seie hei,» sa ho
«Du er visst av eit fåmælt slag.»
Så opna ho ei bok med dikt
Og la varsamt i mi hand
Skriven av ein diktar frå Italia
Så trugen og sann.
Og orda glødde nett som kol
Og gjorde meg så vel,
Det strøymde frå kvar side
Som om det var i mi eiga sjel det skulle stått,
Vikla inn i blått.

Eg budde hjå dei på Danmarksplass
I ein kjellar ned ei trapp,
Lufta dirra av revolusjon
Og poetane song om kapp.
Då byrja han med slavehandel
Og noko i han fór vill.
Ho måtte selje alt ho åtte
Og inni fraus ho til.
Og då botnen fall ut heilt til slutt
Trekte eg meg jamt,
Det einaste eg visste av
Var å halde fram med å halde fram, om det gjekk trått,
Vikla inn i blått.

Så no dreg eg attende dit,
Eg må nå ho på eit vis.
Alle dei som me kjende før
Dei er borte no, som i ein dis.
Nokon er professorar,
Nokon skjer med kniv.
Veit ikkje koss alt starta,
Eg veit kje kva dei gjer med sine liv.
Men eg er enno undervegs
Eg veit eg får kje fred
Me kjende på det same,
Men var kje samde om det baud til medynk eller spott,
Vikla inni blått.