Dag og tid

Foto: Edgar Bachel

Under ein svart melankolsk hatt

Han har spela Bob Dylan på bibliotek over halve landet. No er han ute på vintervegane på nytt med ny plate og rosande kritikarar i hælane.

Tom Roger Aadland (50) har overlevd som rockepoet i ti år, og no får han mykje ros for den nyaste plata.

Fødd i 1964 i Haugesund
Låtskrivar, tekstforfattar, vokalist, gitarist
Spela inn debutalbumet Obviously Embraced i Dublin
I 2009 kom nynorskversjonen av Dylans Blood on the Tracks
Har brukt normert nynorsk på fire av fem plater
Aktuell med albumet Rapport frå eit grensehotell og turné både i Nord-Noreg og Sør-Noreg

Tom Roger Aadland (50) har all grunn til å ta av seg hatten – ikkje minst for den nye plata han sjølv har laga. Men det gjer han ikkje.

Ein måndag midt på dagen stikk den svarte hatten varsamt opp i kroken under vindauget på Asylet på Grønland i hovudstaden. Det er dunkelt ute og mørkt inne. Berre stearinlys på tjukke plankebord lyser opp. Ute regnar det på blank hålke. Folk bannar og sklir samanbitne gjennom byen på skjelvande bein. Den sterke melankolien har festa grepet om heile denne gråe januardagen.

Likevel har den svartkledde melankolikaren inne i kroken god grunn til å smila, venda blikket mot stjernene og lyfta på den svarte hatten.

«Om det finst menn som verkeleg bør gå med hatt, så er det du», sa ein irsk musikar til Aadland for mange år sidan. Vestlendingen tok iren på alvor og stakk innom J.J. Hat Center i New York. Sidan 2007 har den vesle svarte vorte ein effektiv liten del av Tom Roger Aadland – saman med svart dress, svart slips og kvit skjorte.

Tidlegare har han laga fire plater, utan at det har teke heilt av, men så kom den femte. Dermed oppdaga fleire av kritikarane vestlendingen, som har sunge på normert nynorsk på dei siste platene. Og denne gongen var fleire av kritikarane overstrøymande.

«På grensen til genialt», heitte det i Dagsavisen. «Det er et sug og driv der som er nesten uimotståeleg … Ganske nært et mesterverk», melde Fædrelandsvennen. «Aadlands beste», skreiv Dag og Tid.

Aadland bur i Oslo, men har skrive dei fleste tekstane og melodiane til den nye plata på Vestlandet.

– Eg ville at Rapport frå eit grensehotell skulle verta ei samling tunge oljemålarstykke. Det er den mest rocka plata eg har laga. Etter ha spela dei nye låtane på konsert i romjula uttalte kona at ho ikkje hadde høyrt meg så rå sidan eg var nitten år. Eg trur det var ein kompliment!

Han byrja som profesjonell musikar i vaksen alder, men vart korkje fattig eller rik. Ein gong for lenge sidan hadde han konsertar i Sør-Afrika av di kona arbeidde der, og han møtte ein musikkjournalist som meinte at han burde dra til Irland. Det gjorde Aadland, og i tre–fire år reiste han dit for å spela. Han kom i kontakt med dei rette folka og spela inn den første plata si – på engelsk.

I ti år har Aadland hatt eit levebrød i musikken, men det var først etter Bob Dylan-albumet Blod på spora i 2009 at det byrja å ta litt av, men likevel har han vore så godt som usynleg i det store mediebiletet.

– Det gjeld å stå på – anten ein har medias gunst eller ikkje, slår Adland fast. Likevel har han opplevd at det er mogleg å skapa seg eit levebrød av musikken.

– Det er fullt mogleg å leva som syngjande låtskrivar for dei som har eit visst talent og som brenn for det. Det burde unge musikarar merka seg!

Aadland snakkar som ein haugesundar, men er frå vesle Vikebygd fire mil nordanfor byen.

– Det var ikkje mykje å velja i der eg voks opp. Borna vart sende på det som var, om det no var søndagsskule, speidaren, fotballtrening eller leikarring. Hadde det vore heilt andre ting, så hadde me sikkert vorte sende på det også.

Sidan han reiste heimanfrå, har han skaffa seg utdanning i klassisk gitar frå musikkonservatoriet i Oslo.

– Men eg har aldri spela klassisk gitar på konsertar. I dag er eg på eit lurvete nivå, men spelar Bach-stykke på gitar regelfast. Eg er nok ein musikalsk eklektikar.

Tom Roger var ikkje gamle karen då han byrja å klimpra på dei første strengene han såg. Som treåring laga han sine første tonar på eggdelaren heime på kjøkkenet. Eit par år seinare fekk han ein liten gitar, men etter kort tid rauk strengene. Då han var åtte år, fekk han sin første skikkelege gitar, og sidan har han ikkje hatt så mange. Den klassiske gitaren han har i dag, har han hatt sidan 1984.

– Eg har hatt gitarane lenger enn damene, konstaterer han nøkternt.

Tom Roger voks opp med visebølgja med Lillebjørn Nilsen og Finn Kalvik, og han scenedebuterte i samfunnshuset i Ølen med «Regnet er en venn» av Lillebjørn Nilsen. Sidan gjekk han på musikklina på vidaregåande i Haugesund, og sjølv meiner han at vendepunktet kom då gitarlæraren sa at «når du søkjer musikkonservatoriet, risikerer du å måtta søkja fleire gonger».

Då hadde han for lengst oppdaga Bob Dylan. Som femtenåring kjøpte han Highway 61 Revisited på kassett og hugsar framleis kor stort det var å høyra «Like a Rolling Stone» på kassettspelaren heime på guterommet i Vikebygd.

– Det var noko ekte ved Dylan, seier han – og vedgår at han ikkje var ein typisk femtenåring.

– Blant jamaldringane gjekk det mest i Kiss og Queen. Eg trur ikkje det var nokon andre som likte Dylan. Då Dylan hadde ein dårleg periode i 80-åra, minka interessa, men ho tok seg opp att i 1997 då han gav ut Time Out of Mind. Eg byrja å setja om tekstane hans til norsk – mest for min eigen del og for skrivebordsskuffa, heilt til eg fekk ideen om å ta for meg eit heilt Dylan-album. Då valde eg Blood on the Tracks, og plata vart teken inn i varmen.

Aadland, som spela inn den første plata si i Irland, var ikkje budd på den skilnaden det var å syngja på norsk.

– Eg beit meg merke i at irane var eit langt betre publikum enn det norske. Vert det framført ein song på ein irsk pub, hysjar folk – om nokon opnar munnen. Der skal det vera stilt, og det skal lyttast. Folk i alle samfunnslag var interesserte i teksten, og ofte kommenterte dei.

Men då Aadland byrja å syngja Dylan på norsk, oppdaga han at nordmennene oppførde seg som irane.

– Mange gav uttrykk for at dette var tekstar som hadde treft dei midt i hjarterota, og det var ei fin tid. Eg fekk mange reaksjonar, og dei fekk meg til å byrja å skriva eigne tekstar.

I to år reiste han landet rundt på turné med gitar, munnspel og Dylan-tekstar – frå Halden til Hammerfest.

– Det var ei stor, positiv overrasking å sjå korleis desse songane gjekk til hjarto på folk. Eg spela på mange bibliotek. Tanken var at Dylan var litterær, og at han burde framførast i eit bibliotek. Fleire av biblioteka hadde ikkje arrangert konsertar før. Truleg var eg den første som la ut på ein slik, lang bibliotekturné.

– Du vart ikkje lei av Dylan og bibliotek?
– Nei! Eg har spela Dylan-songar frykteleg mange gonger, og det er slitesterkt materiale. Men når turneen går både opp og ned langs kysten, er det naturlegvis ikkje berre solskinsdagar.

– Ein gong spela eg i Troms, og kanskje var det marknadsføringa som svikta. I alle fall var det mindre enn ti personar i salen, og blant dei var borna til ein av arrangørane. Den eine av dei hadde med seg ein kjempediger teddybjørn som han plasserte midt i salen. Det vart litt rart å stå der og syngja Dylans kjærleikssongar til ein diger teddybjørn. Då tenkte eg at eg kanskje hadde det vore betre å vera ein annan stad.

I periodar har Aadland reist svært mykje. Ein oktoberdag summerte han opp ein nesten umenneskeleg turné: Eg har køyrt 3800 kilometer og spela 21 konsertar på 15 dagar.

– Bilen er ei bra skrivestove. Det er spesielt å vera i ein bil i rørsle. Der får tankane flyta fritt. Fleire av tekstane og melodiane har vorte til på fire hjul.

– Er det landskap som er meir produktive enn andre?
– Ja, eg køyrer ofte mellom Oslo og Vestlandet. Tidlegare var det ei strekning aust i Telemark som merkte seg ut. Det galdt same om eg køyrde austover eller vestover, og det var mellom Notodden og Seljord. Eg har inga forklaring – og ingen kjenningar på denne strekninga. Det er eit fint område, men det er ikkje noko uvanleg der. Kanskje skriv det seg frå barndomen? Kanskje er det ein spesiell sving som gjer at det strøymer på? Men eg skriv no kvar som helst.

– Du er den typiske vestlandsmelankolikaren?
– Ja, det stemmer nok. Men det er ein god del svart humor i tekstane mine, sjølv om ikkje alle får det med seg, men revyhumor er det ikkje.

– Einsemd og kjærleik går att i tekstane dine?
– Alle leitar vel etter nokon å elska, men når folk har funne den rette, er ikkje historia slutt av den grunn.

– Du reiste til Sør-Afrika?
– Ja, og der vart eg verande i to–tre månader for å skriva det førre albumet Fløyel og stål. Kona mi voks delvis opp i Sør-Afrika som rotlaust misjonærbarn. I delar av året arbeider ho som lege og forskar i Durban for å finna ut meir om samanhengen mellom ein tropisk parasittsjukdom og hiv. Det er eit alvorsprega prosjekt blant eit lite melankolsk folkeferd. Det er «schwung» over zuluane, sjølv om ein tredjedel av folket i området er smitta av aids-epidemien. Hadde det same skjedd blant vestlendingane, hadde nok det formørkt stemninga monaleg. Sørafrikanarane har greidd å ta vare på «spiriten».

Sjølv om Aadland laga musikk til ei heil plate i SørAfrika, lét han seg ikkje påverka særleg av den nasjonale musikken.

– Den sørafrikanske musikken er lett og lite melankolsk, og sjølv kjenner eg meg meir treft av vestafrikansk musikk, til dømes av Salif Keita frå Mali. Der i landet finst det ein sterk melankoli – ein ørkenblues. Musikalsk sett er eg eit resultat av at det eg har gjort, og det er så mykje. Både Bach, blues og dei store jazz-songarane sit djupt i meg ved sida av dei store rockarane som Van Morrison og Dylan. Det er så mange straumdrag i musikken, og eg plukkar litt her og der. No har eg vore gjennom ei Bach-oppbløming. Elles så brukar eg mykje tid på å skriva og gjendikta, mest for å halda hjerne og hjarta i form. Å skriva songar og framføra dei er mitt kall.

Mellom anna har Aadland gjendikta Sylvia Plaths diktsamling Ariel.

– Det var mest av di eg visste at det var vanskeleg. Det er strålande dikt, men tunge å få tak på. Det var som å lyfta vekter som er tyngre enn det du greier å lyfta. Men greier ein det, må det koma noko godt ut av det. Førebels har eg ikkje laga musikk til dikta, men det kan vel henda at eg gjer det, seier melankolikaren.

I byrjinga av februar set han seg i bilen og køyrer nordover på vinterføre, men i slutten av februar dukkar han opp på «Ingensteds» – midt i Oslo.

Ottar Fyllingsnes, Dag og tid, 30 jan. 2015