Vestland, Vestland video

Då eg skulle lage musikkvideo til den nye songen min, «Vestland, Vestland», tenkte eg at ein slik song handlar jo aller mest om menneska på Vestlandet, om korleis dei opplever naturen, vêret, lyset og alt det andre som gjer landsdelen unik. Så eg inviterte naturentusiastar og musikkelskarar i hus og hytte til å sende meg foto som viste kva Vestlandet var for dei.
Responsen var rett og slett rørande, og eit slåande uttrykk for at vestlendingar er glade i landsdelen sin. Folk har sendt inn bilete av beitande sauer, barn på fjelltoppar, nedlagte fabrikkar, kvinner med vind og regn i håret, og fjordar og havsletter med så vakkert lys at det gjorde vondt. Det har kome inn foto frå Jæren og Sunnmøre, Hardanger og Nordfjord, og det har nok vore eit luksusproblem for regissør Thomas Mortveit å velje ut bileta som fekk plass i videoen. Resultatet er eg stolt av å vise fram, både som artist og som vestlending.

Tom Roger Aadland