Arash Taheri

Dag og Tid: «Blonde on Blonde er Dylans beste album»

Femti år etter at Bob Dylan gav ut Blonde on Blonde, kjem den nynorske versjonen.

Det skjer neste veke når Tom Roger Aadland gjev ut Blondt i blondt. Då er det sju år sidan han gav ut den førre Dylan-plata, Blod på spora, som fekk strå­lande kritikkar. Rockepoeten frå den vesle bygda Vikebygd nokre mil nordom Haugesund har lenge hatt eit varmt forhold til Bob Dylan.
– Det var ikkje mange tenåringar på Vestlandet som høyrde på pla­tene til Bob Dylan i 60-åra. Jamald­ringane mine høyrde mest på Kiss og Queen, men Blonde on Blonde var ei av dei første platene eg skaffa meg. Særleg den siste mes­sande og langsame melodien «Sad-Eyed Lady of the Lowlands» gjorde sterkt inntrykk, fortel Aadland.
På den nye plata har melodien fått tittelen «Sorgsame kvinne frå Jæren», og han byrjar slik:
«Med din merkurmunn i eit misjonsmagasin
Og dine auge som røyk og dine bøner som rim
Og din sølvkross klår, og di klok­kerøyst som skin» 

DYLANS BESTE
Tom Roger Aadland meiner at Blonde on Blonde er Dylans beste plate.
– Men eg var klar over at ho er ei av dei som er vanskelegast å formidla. Først sette eg om ei anna plata, John Wesley Harding, som er langt meir gamaltesta­mentleg. Eg spelte inn ein demo, men det kjendest som det var lite nytt. Det var ikkje lett å gjen­dikta den plata heller, men Blonde on Blonde var langt vanskelegare og spennande å gå laus på.
– Ikkje alle platene til Dylan er urbane, men på Blonde on Blonde finst kjærleikslengten frå det urbane nachspielet. Eg oppdaga plata på nytt då eg arbeidde med songane, og eg likar henne endå betre no. Eg har alltid ein hovud­song på ei plate, og den må eg få til. På Blood on the Tracks var det «Idiot Wind», og no er det «The Sad-Eyed Lady». Eg song den før­ste versjonen for kona mi og ein god ven som er stor Dylan-tilhen­gjar. Begge var svært positive, og då bestemde eg meg for å trø til vidare.
– Kor vanskeleg er det å gjen­dikta Dylan?
– Nokre av songane er svært utfordrande. Dylan er ein rim­smed, og det var langt mellom dei gongene der eg kjende at alt stemde. Men eg har nok arbeidd mykje hardare med desse tek­stane enn med Blod på spora. Eg meiner å ha nokså god forståing for kva Dylan skriv om djupast sett. Eg trur eg forstår Dylan-uni­verset med spissformuleringar, motsetnader og ei skildring av verda som ein flimrande stad, der ein skal vera varsam med å tru at ein har fanga essensen av noko som helst. Det har nok vore til god hjelp i tilnærminga til tek­stane. Stort sett har eg vore gan­ske trufast mot originaltekstane, og di lenger eg arbeider med ein tekst, di meir nærmar eg meg ori­ginalen, men der finst liner der eg har gjort endringar.


– Det er kjærleikslengten som Bob Dylan er riden av, som merkjer ut Blonde on Blonde
Tom Roger Aadland, rockepoet


– Det er meir kjærleik enn politikk på denne plata?
– Mykje handlar om ikkje-opp­nådd kjærleik. Dei to store kjær­leiksongane på plata, «I Want You» og «Sad-Eyed Lady of the Lowlands», skreiv Dylan til kona Sara. Sjølv om han var nygift, valde han ikkje å skildra den store lukka. Det gjorde han på dei neste platene, men folk flest tykte at dei er langt mindre inter­essante. Det er kjærleikslengten, som Dylan er riden av på Blonde on Blonde, som merkjer ut plata. Det er vanskeleg å toppa «Like a Rolling Stone» på Highway 61 Revi­sited, men eg er likevel meir glad i Blonde on Blonde, som rører meg på eit anna vis.

MED STOR RESPEKT
– Det er dristig å gjendikta ein nobelpriskandidat?
– Ja, og det er med stor respekt for songane til Dylan at eg har gjort det. Ein skal ha svært gode grunnar for å byrja å leggja til adjektiv. Det fungerer nesten aldri i gjendiktingar og omsetjingar. Dylan skriv så klart og journalis­tisk. Setningane er ganske nøy­trale, klare og nøkterne. Dei har ein touch av Hemingway, og det er mykje temperatur i dei.
– Har det vore vanskeleg å finna gode rimord?
– Det har vore ei utfordring, men eg trivst med å tenkja på rim. Det er slik eg skriv mine eigne tekstar, og for meg hadde det vore vanskelegare utan rim.
– Kva tyder Blonde on Blonde?
– Eg har lese mykje om det, men funne ut at ingen veit det. Det vert fortalt at Bob Dylan bad ein kar seia det første ordet han kom på som rimar på blonde. Man­nen kom ikkje på noko som helst og sa berre blonde. Sjølv har eg valt å ta tak i fargetonane når eg har kalla plata Blondt i blondt. Eg er nokså sikker på at Bob Dylan ikkje tenkte på blondiner då han valde tittel på plata, men det klanglege var nok viktig. Det er ikkje ein motsetnad mellom å rima og få sagt nett det du vil. Det har Bob Dylan prova mange gonger.

JÆREN OG STRILELANDET
Det var turneen som følgde etter den førre Dylan-plata som fekk Aadland til å byrja skriva songar på nynorsk.
– Eg var ikkje førebudd på at så mange tykte det var så stor skilnad på å syngja på morsmålet.
–Hadde det vore annleis å syn­gja Dylan på bokmål?
– Det hadde vore fjernt frå dia­lekten min, og i gjendiktingane endar eg fort opp med eit vest­landsk univers. Det er eit poeng for meg å leggja inn lokale stad­namn om det hjelper meg til å ta songen heim.
– Går du på Dylan-konsertar når du får sjansen til det?
– I Oslo og på Vestlandet gjer eg det, men eg høyrer ikkje til dei som får med seg 25 Dylan-konsertar i året. Eg høyrde han i Konserthuset i Oslo. Der spelte han mykje Frank Sinatra, og det var den flottaste av dei ti Dylan-konsertane eg har fått med meg.
– Er Dylan like interessant som han var ein gong?
– Han er interessant på eit anna vis. Songstilen på dei to såkalla Sinatra-platene er abso­lutt noko eg kunne tenkja meg å høyra meir av. Det som Dylan har produsert etter at han fylte 60 år, er interessant, og det held god standard. Men skal ein kalla ein spade for ein spade, er Dylan frå tida mellom 1963 til 1966, pluss John Wesley Harding, høgde­punktet. Det er berre å saman­likna det han skreiv på dei fire åra med dei nesten femten åra, så ser ein eksplosiviteten. Sjølv har han uttalt at han ikkje veit kva som hende desse fire åra.
– Sender du ei plate til Bob Dylan?
– Eg har lyst å senda ein digi­tal kopi. Han har nok ei viss interesse for kva som skjer med songane hans ute i verda. Ein må alltid senda dei ordrette omsetjingane til apparatet rundt Dylan, men så langt har eg ikkje fått reaksjonar på gjendiktinga mi. Medan Dylan er positiv til at andre spelar inn songane hans, seier Bruce Springsteen neste all­tid nei, og eg veit at Tom Waits har stogga ei innspeling.

Etter platesleppet i Hauge­sund i midten av månaden legg Tom Roger Aadland ut på turné landet rundt, før det vert konsert i hovudstaden i desember.

PDF